Sodevika-Homsvika kan om kort tid bli rasert og sprengt i filler og forvandla til ein gedigen ørken av stein. Politikerforakt i Lindesnes vil bli sementert for generasjonar dersom dette får skje. Det blir utvilsomt eit maktskifte 11. september hvis det mot folkeviljen gis grønt lys for flatsprenging av sårbar og verneverdig skjergårdsidyll.

I dag brukar elg, hjort, rådyr, havørn, hubro, ærfugl og andre sjeldne artar området saman med gardbrukarar, fastbuande, hyttefolk og folk med ulike friluftsinteresser. Her får fastbuande, tilreisande og andre sine rekreasjonsbehov oppfylte. Kva konsekvensar fjellsprenging og stein/massebearbeiding vil ha for livet i bekkar, vatn og sjø er sjølvsagt bare negative.

Det er mest utruleg at kommunepolitikarar er såpass sneversynte at ein bare synes å vera opptatt av det som rører seg innan eigne kommunegrenser.

Faktum at tilgjengeleg og tilrettelagt areal for planlagt vindkraftindustri alt fins i nabokommune og nabofylke synes å vera irrelevant. Der er alt fjellet ferdig knust og arealet på plass. Men dette vektlegges ikkje i Lindesnes, for her er det visst avgjerande å synleggjera kva makt ein lokalpolitikar har og å få ting til å skje same kor mykje jomfruelig natur ein skal rasera for å oppnå målet, og same kor mange som må tvangsflytta frå hytter, hus og heimar.

Det blir for dumt å rasera irreversibel Sørlandsidyll for så om nokre tiår å innsjå at ein kom for seint til å bli med på vindkrafteventyret.

Kåre Særheim

Arealet ein vurderer å klargjera for vindkraftindustri er altfor lite i forhold til konkurrerande område med tre til seks gonger større areal, dessuten er ein altfor seint ute når det vil ta ti til tjue år før flatsprenginga er gjort. Og på det tidspunktet kan heile havvindeventyret vera historie.

Nei, forkast ideen om mølleeventyr, tenk strategisk og langsiktig og for all del bruk fortrinnet Sørlandet har som nasjonalt og internasjonalt innarbeidd turistmagnet.

Tilrettelegg for folk og natursti framfor industripark og monstermøller.

Det blir for dumt å rasera irreversibel Sørlandsidyll for så om nokre tiår å innsjå at ein kom for seint til å bli med på vindkrafteventyret.

Kåre Særheim

Homsvika