Reidar Jens Hunsdal er død, 71 år gammal. Han var sørlending og hadde røtene sine i Konsmo i området som Meteorologisk Institutt kallar ”Dalstroka innafor”,.

— Eg er sørlending i eksil i denne byen, sa han sjølv om at han heilt frivilleg budde godt og vel 43 år i Stavanger. Reidar hadde ein relativt omflakkande tilværelse både som barn og i tidleg vaksen alder. Faren Harald var anleggsarbeidar og mora Ragnhild og systera Kari og Reidar opplevde brakkeliv på anlegg både i Telemark og på Hardangervidda i barneåra. Desse røtene, rallarlivet og feriar saman med småbrukarar på Indre Agder kom til å prega mykje av livet til Reidar. Der fekk han skillingsviser inn med morsmelka, så å seia - og der lærde han livet til småkårsfolk å kjenna.

Rett etter at han sto konfirmant og hadde tatt realskulen, søkte han hyre og fekk oppleva sjømannsyrket på Dei sju hav i vel eit år. Så braut han tvert og begynte på gymnas i Mandal. Der vart det til tider meir gitar-, brigde-spel og trekkspelmusikk enn lekselesing.

Men unge Hunsdal hadde eit godt hovud, så han for til Oslo og starta på juss-studier etter endt eksamen artium. I studietida var han både bryggesjauar, ekspeditør på Vinmonopolet, ungdomsarbeidar, fangevaktar og byråkrat.

Som ferdig jurist fekk han først jobb i Lønns- og prisdirektoratet fram til 1971. Så bar det til Stavanger og jobb som høgskulelektor ved Sosialskolen i Stavanger. Samtidig var han politisk aktiv og før folkeavstemninga om medlemskap i EEC, var han med i danninga av Sosialistisk Valgforbund. I 1988 hoppa han av som høgskulelektor og starta eigen advokatpraksis. Klientane hans var for det meste småkårsfolk, asylsøkjarar og våre nye landsmenn. Reidar fekk mange venner og han var det naturlege midtpunktet i med gitar, trekkspel og sang i dei fleste samankomstar der det var folk samla.

Ei alvorleg trafikkulykke for 22 år sidan og skrantande helse åra som følgde, gjorde at Reidar Hunsdal måtte kasta inn handkledet som yrkesaktiv for rundt 12 år sidan. Dei siste åra har han slete med stadig svakare helse. Det førde til at han måtte gi opp både bridge-kveldar, gitarspel og tolkingar av countrylåtar av Hank Williams, skillingsviser, swingjazz og schlagarar frå svunne tider.

Dei siste åra har mykje av tida gått med i stolen i huset på Tjensvoll. Alvorleg kols-sjukdom gjorde ikkje livet lett, men sambuaren Sissel var ei god støtte. Ho lyste opp tilværelsen for han når det røynte på.

Natt til 28. desember var det slutt for godt. Aldri meir skal me får høyra Reidar Hunsdal spela og syngja ”Så lenge skutan kan gå” Han etterlet seg systera Kari, to barn og eit barnebarn.

Asgeir Lode