Debattinnlegg

Det var ei stor overrasking at kommunen la opp til sal av Høgtun i budsjettet for 2023. Etter å ha sett på «tiltaksbeskrivelsen», sit me att med ein god del spørsmål som me ynskjer svar på.

Fyrste setning i «tiltaksbeskrivelsen» Bygningsmassen på Høgtun er på 2500 m2 og er preget av stort vedlikeholdsetterslep får det til å sjå ut som om alle golva på alle plan har eit svært stort behov for vedlikehald. For me talar jo om flateinnhaldet her? Me stussar svært over dette, ettersom me lakkar og målar golva våre jamleg, med nokon få unntak. Plikten til å vedlikehalde det ytre på Høgtun høyrer til kommunen jfr. driftsavtala, medan Høgtun Kultursenter driftar og vedlikeheld det innvendige. Me meiner å ha vedlikehalde det innvendige på ein god måte. Spørsmål: Kan rådmannen spesifisere kva for areal han meiner treng vedlikehald og på kva måte?

Andre setning i tiltaksbeskrivelsen slår fast at: Klimaskallet er preget av forfall og bl.a. 20 år siden det ble malt. No er det slik at Høgtun-anlegget har totalt 4 bygg, og det er berre verkstadbygget som ikkje er måla på 20 år. Men det er òg det bygget som toler å stå med lengst målingsintervall, ettersom mange av veggene store delar av dagen står i skugge. Borghallen vart måla i 2007 og hovudbygget i 2009/2010, medan styrarbustaden er måla to gonger sidan 2004. Det er særleg vassborda, dørene og iallfall solutsette vegger som treng vedlikehald no.

Spørsmål: Kvifor nyanserer ikkje rådmannen betre, men regelrett ser ut til å svartmåle?

Tredje setning i tiltaksbeskrivelsen er slik: Store deler av taket bør skiftes og vegger må skiftes ut og males opp. Halvparten av taket på hovudbygget vart skifta ut i 2009, så det gjeld ikkje alle taka, dette. Og når det gjeld veggene, så er det berre bakveggen på styrarbustaden som er nokså gåen – på dei andre veggene så vil det normalt halde å skifte eitt og anna kledningsbord.

Spørsmål: Kva ligg i utrekningsgrunnlaget for dei 6 millionar kronene som blir eksplisitt nemnt i tiltaksbeskrivelsen?

Andre avsnitt inneheld faktafeil: Det må videre gjøres en vurdering av tilstøtende bygg hvor Sigurd Nome (skulptur) samling ligger. Dette tilstøtende bygg er bygd sammen med hovedbygningen på Høgtun. Sigurd Nome-samlinga ligg i øvste høgda i Verkstadbygget, som er eit frittståande bygg. Borghallen, derimot, er eit bygg som er knytt saman med hovudbygget via ei glasgang (kalla glastuben).

Spørsmål: Koss kan det ha seg at sakshandsamaren ikkje aner koss bygga ser ut på Høgtun, men likevel kan leggje fram saka for kommunestyret?

Tiltaksbeskrivelsen fortel vidare at «Kommunen har solgt ut Arresten og Postgården i Mandal og de private har tatt bedre vare på dem enn det som kommunen kan ta vare på det.» Høgtun vart vald til tusenårsstaden i Marnardal, noko ikkje Arresten og Postgården er.

Spørsmål: Visste ikkje rådmannen at Høgtun er tusenårsstad, og veit rådmannen kva som er kriteria for val av tusenårsstadene?

I siste avsnitt undrar me på setninga Kultur vurderer om det legges inn kr 100.000 i besparelse.

Spørsmål: Meiner rådmannen at Kultur kan vurdere å slutte å leige styrarbustaden av Høgtun Kultursenter til museum? Er ikkje rådmannen klår over leigeavtala mellom Høgtun Kultursenter og kommunen?

Når det gjeld driftsavtala for Høgtun Kultursenter, har me dette spørsmålet: Har ikkje rådmannen lese siste setninga i §4 i driftsavtala? (Saker av viktighet for begge parter skal leggjast fram for den andre part før saka vert gjennomførd.)

Øyslebø, 15. november 2022

Styret i Høgtun Kultursenter v/ Siss Ågedal, Helga Jørgensen, Oddvar Fjellestad, Cesare Sciardi og Venche Vigerstøl.