Vår eiga grunnlov slår fast at norsk er det nasjonale hovudspråket i Noreg, og at nynorsk og bokmål er jamstelte og likeverdige norske skriftspråk. Marnar Mållag er oppteken av at nynorsken skal ha ein rettmessig og naturleg plass i samfunnet.

Det gjeld både i media og i offentleg forvaltning overalt, både i stat og kommune.I tillegg er skole og barnehage svært sentrale og viktige arenaer. God kunnskap om nynorsk vil og vera vegen inn til den store nynorske litteraturskatten.

Sidsel Birkeland Skaar,

Leiar Marnar Mållag