Folket har talt.

Vinden har snudd.

Partia med realistisk langtidshorisont og åpning for involvering overtar makta i haust!

Enkelte parti er i utakt med folket, dette vil straffa seg i september.

Eit Arbeiderparti som vil flatsprengja varemerket til Lindesnes, skjergårdsidyllen, kan ein dessverre ikkje venta meir av, men at også Senterpartiet synes å gå inn for å rasera kystlandskap og landbruksareal til fordel for fjellsprenging, bergverksdrift, støy-og luftforureining samt tvangsflytting av folk frå gard og grunn er ikkje til å forstå!

Blir luftslottet i Sodevika vedtatt, vil det bli total ommøblering i kommunestyresalen til hausten.

Partia som held fast ved hypotesen om vindkraftindustri (om 20 år eller kanskje aldri) og 1200 nye arbeidsplassar, vil nok få marginal oppslutning ved valget mens partia som er nøkterne, lyttande og med strategi basert på fakta og realisme, vil overta styringa av kommunen.

Det er rett og slett tragisk å registrera at fleire parti er villige til å skusla vekk viktige element i livsgrunnlaget for framtidige generasjonar til fordel for utanbygds krefter som utan hemningar først og fremst vil tena seg søkkrike på fjellsprenging, naturraseringen og steineksport.

Mitt håp er at kommunestyret fattar endeleg vedtak i juni og at resultatet gir umiddelbar konsekvens 11.september.

Kåre Særheim

Homsvik