Debattinnlegg

Frå juli til midten av september kjem pride-festivalane som perler på ei snor her i Agder. Dette er grunnen.

Pride starta som markeringar av Stonewall-opprøret som fann stad i New York 28. juni 1969. Stonewall Inn var ein bar der skeive samla seg, og var difor ofte utsett for raid og aksjonar frå politiet. Men denne dagen var det nok, og dei skeive i baren og etter kvart frå heile byen byrja å kjempe tilbake. Opprøret var eit vendepunkt i kampen for skeive sine rettar – i staden for å gøyme oss og ta imot juling byrja me ta plass og krevje endring.

Utover sytti-talet kom der pride-markeringar over heile Europa og Nord-Amerika, og rørsla har vakse sidan. Særleg dei siste tiåra, og finn no stad over heile verda. Kjernen er alltid paraden, der alle kan vise kven dei er og at me er her, men dei fleste stadar finn ein òg konsertar, debattar, utstillingar, seminar og mykje anna som løfter fram skeive og skeive tema. Det overordna temaet for pridane i Noreg i år er markeringa av at det er femti år sidan forbodet mot sex mellom menn vart avskaffa.

Mange assosierer nok pride mest med musikk, fest og feiring, og glede og fellesskap har alltid vore viktig for rørsla. Men pride er også alvor. Sjølv om paradane har mykje fjør, glitter og stas, er dei politiske markeringar som seier at me også har ein plass i byen, ein plass i samfunnet. Dette vart me minna på med terrorangrepet under Oslo Pride natt til 25. juni, og me ser det stadig når paradar blir angripne, gjerne av politi og styresmakter, i land som ikkje er veldig langt unna vårt.

I år er det heile ti pride-markeringar på Agder, der fem er nye av året. I juli byrja det med paradar i Evje, Grimstad Pride, Farsund Pride, Lindesnes Pride, Risør Mangfoldsfestival og Vegårshei Pride, så er det Vennesla Pride, Lillesand Pride og Skeive sørlandsdager i august, medan Arendal på skeiva rundar av i september. Somme av desse høyrer inn under Foreningen FRI her i Agder, medan andre er frittståande festivalar der me i FRI Agder deltek i paraden og på aktivitetar på lik line med andre lag og organisasjonar.

Stonewall-opprøret fann stad i juni og difor er juni blitt pride-månaden. Dei siste åra har dette vorte veldig tydeleg, både i Noreg og internasjonalt. Det er regnbogeflagg å sjå mange stader, kulturarrangement og føredragsseriar, og det var stort då NRK frå og med i fjor byrja med live-sending frå Oslo Pride i beste sendetid.

Kvifor kjem då pridane her i Agder først i juli og utover, lurer mange på. Er det ikkje juni som er pride-månaden? Jo, men det er ikkje så mange år sidan pride var mykje mindre og meir marginalt enn det er no. Då det ikkje var regnbogeflagg i offentlege flaggstenger og pride-paraden ein folkefest.

Då var pridane meir lokale hendingar, tydeleg knytt til den staden eller byen der dei fann stad. (Det er for så vidt slik no også, at pridane vert organisert og drive av lokale, frivillige komitear.) Difor var det ikkje så viktig at dei hende i juni, men heller at det var ei helg eller ei veke som ikkje krasja med nokon andre i nærleiken.

Skeive sørlandsdager, som var den første pride-markeringa i Agder, vart ei tid halde i juni, men har dei siste åra vore i august, lik pride i både Amsterdam og København til dømes. I Noreg startar pride-sesongen med Vinterpride i Lillehammer i februar og sluttar med Arctic Pride i Troms og Finnmark i november.

Og det vil me halde fram med. Det er klart det er stas med NRK-sending og all merksemda i juni, men pride handlar også om å ta plass og synes igjen i alle lokalsamfunn, der alle bur. Skeive går ikkje berre med fjørboa i paraden Oslo, me er også her i Agder og treng difor plass her og. Med og utan fjørboa, heile året.

Nils H. Korsvoll,

nestleiar i FRI Agder