Riksantikvaren fredar vraket, gjev finnarløn til dykkarklubben og tilskot til Norsk Maritimt Museum for å gjennomføre ein grunndokumentasjon.

– Dette er eit fantastisk funn! Det er svært sjeldan ein finn over tre hundre år gamle skipsvrak som kan sporast i historiske kjelder og setjast namn på, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Søgne dykkarklubb har leita etter skipet i over 10 år, og i påska lukkast dei altså med å lokalisere vraket.

Dokumentasjon av funnet

Norsk Maritimt Museum får tilskot til å gjennomføre ei grunnundersøkjing. Dette tilskotet er på 340 000,- kroner.

– Vi vil gjennomføre ein grunndokumentasjon av skipsfunnet i løpet av dei næraste vekene. Det inneber å bruke fotogrammetri for å skape ein 3D-modell av funnstaden. Foto takast med fjernstyrt undervassbåt. Deretter vil det bli bestemt om enkelte gjenstandar skal takast opp for konservering, seier Frode Kvalø, marinarkeolog hjå Norsk Maritimt Museum.

Gjenstandane som hentast opp, vil vere dei som er spesielt fagleg interessante og som kan komplementere det museet allereie har magasinert og utstilt.

– Skipsfunnet skal framleis framstå som ei uvanleg spanande oppleving for dykkarar, så det vil ikkje bli heva mange gjenstandar, seier Frode Kvalø.

Foto: Arkiv

Dykkarklubben heidrast

–Dykkarklubben har gjort alt «etter boka». Dei rapporterte funna med ein gong, og røyrde ikkje vrakrestane. I tillegg dokumenterte dei funnstaden med video og bilete. Vraket er så vidt vi kan sjå urøyrd og vi kjenner skipet sitt namn frå historiske kjelder. Samla sett har difor vraket stor vitskapeleg verdi. Riksantikvaren har difor beslutta at det i denne saka er riktig å utbetale ein finnarlønn til dykkarklubben. Det er vel fortent, seier Ivar Nesse-Aarrestad, marinarkeolog hjå Riksantikvaren.

Juffrau Elisabeth

Den 21. mars 1760 sokk galeasen «Juffrau Elisabeth» i skjergarden utanfor Søgne, under kritikkverdige tilhøve. Skipet var på veg frå Amsterdam til Drøbak og besetninga bestod av skipper Pitter Eelkesh og hans mannskap på tre. Det gjekk på skjer heile tre gonger, med fulle segl. I sjøforklaringa på Eid gard den 28. mars same år, vert skipperen og hans mannskap kritisert for ikkje å ha tatt ned segl, prøvd å få ankeret til å festne og elles sørga for å ha tau og anna reiskap tilgjengeleg for fortøying. Forliset kan difor seiast å vere mistenkjeleg.

Utfrå historiske kjelder har ein tidlegare trudd at skipet vart redda, men no har ein altså funne vraket. Skipet vil vere ei fantastisk kjelde til informasjon for forskarar i framtida.